Annonse
Ope brev til Erna Solberg: "Dere er våre tjenere" - Samfunnsmagasinet
Det måtte bare komme for en dag
mandag 2. september 2019
Det bør finnes en grense for ytringsfrihet
fredag 6. september 2019
Show all

Ope brev til Erna Solberg: “Dere er våre tjenere”

Publisert 2.9.2019
Foto: Colourbox

På en debatt den 16.8.2019, sa du at “vi må beskytte nordmenn som tror på Allah”. Dei fleste av slike som trur på Allah er vel enno ei tid personar med anna etnisk bakgrunn enn nordmenn. Og dei må gjerne få tru på Allah. Og du må gjerne beskytte slike.

Men det kunne også vere kjekt om du også ville beskytte kristne, t.d. slike som vert utsette for terroraksjonar og hat frå mulimar. Og det er vel flest nordmenn her i landet som vert utsette for slikt hat, saman med jødar. Etterkomarar av aper og svin som detr visstnok heiter i islam si lærebok. Men som eg skjønar så er det ikkje nordmenn og kristne som er omfatta av di omsorg.

No skal eg fortelje deg noko som du ikkje veit: Nordmenn er namnet på eit folk som har budd her i landet gjennom tusenvis av år. Vi er ikkje pakistanarar, somaliarar, afghanarar eller andre av anna etnisk bakgrunn, vi er som Ivar Aasen skreiv: Nordmenn! Og eg siterar fyrste verset av hans dikt Nordmannen:

“Millom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim”.

Sjå, dette Noregs påståtte statsminister: Dette viste du ikkje! Eg ser altså at du ikkje kjenner ditt folk og ditt land! At monarken og resten av det kongelege hus ikkje veit betre heller er ikkje noko orsaking for deg! Og så vil eg minne om Erik Bye sine ord: “Nå må politikerne forstå at de ikke er våre herrer, de er våre tjenere”.

Eg kan love deg, fru Solberg, at eg aldri meir skal hjelpe deg til makt korkje sentralt eller lokalt, dette sjølv om eg ei tid var både høgremedlem og høgreveljar. Nett det var eg i mange år, rett nok då det fannst politikarar i ditt parti med nasjonale haldningar og fedrelandskjensle. Etter mitt syn finns det ikkje lenger slike i partiet Høgre. Valet mellom Erna og Jonas er ikkje betre enn valet mellom Moxnes og Lysbakken, slik eg og mange med meg no opplever det!

Norvald Aasen
6983 Kvammen