Annonse
Ope brev til Cato H Fossen, Dagsrevyen NRK - Samfunnsmagasinet
Fossil-biler er djevelens verk osv.?
mandag 13. januar 2020
Dramatisk økning i selvmord
mandag 13. januar 2020
Show all

Ope brev til Cato H Fossen, Dagsrevyen NRK

Publisert 13.1.2020
Foto: Wikipedia

På Dagsrevyen den 30.12.2019, uttala du, Cato Husabø Fossen, at i morgon vil nordmenn sende opp nyttårsrakettar. Korleis skal NRK kunne kontrollere at det berre er vi nordmenn som skal gjere dette? Er det ingen med annan etnisk bakgrunn enn norsk som skal skyte opp rakettar? Denne gangen var det nyttårsrakettar det handla om, i andre samanhengar er det røykvarslarar eller plastposar, eller at nordmenn har sett filmen Frost. Som sagt: Dykkar daglege drypp av usanningar skal gjere jobben for dykk.

Eg påpeikar ofte desse daglege dryppa frå media som tydelegvis skal få lirka det inn i hovuda på oss nordmenn at alle som er busette her er “nordmenn”. Eg tek dette også opp med folk eg har kontakt med, og det er ei glede å høyre at dei fleste eg snakkar med reagerar slik eg gjer. Men folket lever i frykt skapt av media og resten av makteliten. Seinast i dag snakka vi om denne språkbruken rundt kafebord i Førde.

De som nyttar denne daglege dryppmetoden som skal viske ut nordmenn sin identitet og vårt medvit om at vi er eit eige etnisk folkeferd, er eg viss gjer dette for å vise ringakt for vårt folk og reint ynskje om å drive provokasjon. Vi er liksom berre til å halde for narr.

I boka “Hva skjer med Norge” skriv forfattaren, Kaare Ruud dette om vår historiske bakgrunn: “Nordmenn utgjør et fritt og selvstendig folk. Som skandinaver har vi, liksom samene, levd i Norge i all historisk tid. Norge er vårt fedreland og felles livsgrunnlag. Det gir oss følelsen og erkjennelsen av trygghet og nasjonal tilhørighet”. Cand.oecon. Kaare Ruud hadde omlag 20 års internasjonal teneste innanfor systemet av FN-organisasjoner.

Det er ikkje å overdrive når eg hevdar at de i NRK og øvrige media, såvel fake news nyhende, og som såkalla “underhaldning”, trakkar medvite på oss nordmenn og vår kjensla av å vere eit eige folk. At de har støtte av monarken er ikkje til orsaking for dykk – eller for han.

Dette brevet er sendt til min omgangskrets for spreiing og til ei rekke nettstadar. Det er slike nettstadar som gjev oss faktainformasjon. Aviser som inngår i systemmedia praktiserar heller ikke ytringsfridom for nordmenn med nasjonale haldningar.

Norvald Aasen
6983 Kvammen