I spagaten på Venstreskuta

Publisert 20.9.2019
Foto: Sfm.no

I frustrasjon over at veljarane hadde fått nok av Venstre let Abid Raja sitt sinne gå ut over Sylvi Listhaug og Frp. På Dagsrevyen den 13. sept. 2019 går han i spagat over at Listhaug, Jensen og Frp hadde drive med «brun propaganda» og dermed hadde øydelagd valkampen for han sjølv og Trine Skei Grande. «Brun» propaganda er det same som å seie at Frp hadde drive nazi-propaganda. Vi har etterkvart vorte vande med at mange framandetniske innvandrarane reiser nasene sine mot sky i forakt for dei nordmenn som synes at hovmodet mot oss vert i meste laget. Det undrar meg stadig kvifor dei nedlet seg sjølve til å «berike» oss, i eit land der dei ser så mykje «rasisme» og «brune» menneske.

No kan vi også synes at muslimar skulle dempe sine skuldingar mot  deira vertsfolk om «brun» og «nazistisk» propaganda. Som kjent så var også muslimar rådgjevarar for nazismen ved Hitler sin plan for jødeutrydding. Ja, det var jamvel ein muslimsk leiar som oppretta muslimske brigadar på Balkan under krigen, og som bistod dei nazi-tyske herrefolka der. Det vart hevda at desse muslimske brigadane gjekk så grufullt fram, serleg mot serberane, at slikt vart rapportert tilbake til Berlin. Så Raja, som er pakistanar og visstnok muslim, kunne jo dempe sine hatske åtak på dei av oss nordmenn som har historisk rett til Noreg som vårt heimland, og som aldri har vanka millom raude og brune despotar. Dei framande sine norske velgjerarar kan eg ikkje sjå føre meg har same historiske rettane.

Så minner Abid Raja oss om, i sitt raseriutbrot på Dagsrevyen, at det var Venstre som fekk gjennom krav om 3000 migrantar til landet, og at det var hans parti som hadde fått gjennom kravet å avskaffe muslimhat. No kan jo uttrykket muslimhat også forståast som muslimar sitt hat mot kristne og jødar. Men vi vel nok å tru at det ikkje er slikt hat Raja og Grande er opptekne av.

Eg les i ein rapport frå ein organisasjon at «5 millionar kristne i Pakistan forfølges». Ein mann fortel at når arbeidsgivaren oppdagar at han er kristen så får han ikkje jobb. Innbyggjarane i landsbyen får vatn frå den offentlege vasskjelda, men det gjeld ikkje han og hans familie. Vi har elles høyrt om kyrkjer som vert prøvd bygde i Pakistan anten vert rivne eller brend ned. I nord-Afrika og midt-Austen som før var bebudd av kristne er dei fleste kristne enten drepne eller fordrivne. I Egypt med sine kristne kopterar er det stadig forfylgjing, og kyrkjene deira vert sprengde i lufta eller brende, også med tap av mange menneskeliv.

Så når Abid Raja og hans kampfeller, i partiet Venstre med fleire, skuldar oss nordmenn for hat mot muslimar så kunne dei kanskje sjå på kva hatet frå muslimar mot kristne og jødar har førd med seg gjennom historia. Men vi er nok ikkje så naive at vi innbiller oss at dette kjem på deira dagsorden.

Kva hat låg bak terroren 11. sept, 2001 i New York. Der passasjerfly vart styrta inn i bygningar og der hundrevis av uskuldige menneske møtte ein grufull død, og der fleire tusen omkom i dei samanraste bygningane. Kva med terroråtaka i Madrid, London, Brussel, Nice, Paris, Julemarknad i Tyskland berre for å nemne nokon. Så om ikkje dette er nok så har vi den Islamske Staten, IS, i friskt minne. Men dette minnet synes etterkvart å bleikne, og det får hjelp til å bleikne av eit Europa der fleirtalet av politikarar, media og resten av makteliten gjer sitt beste for at Europa skal verte neste muslimske maktbase. Når dei kristne er borte frå deira tidlegare bustadsområde i midt-Austen så står Europa for tur til oppreinsking, med velvilleg bistand frå dei som utgjer den falske og svikefulle adelen på vårt kontinent. Sjå gjerne filmen frå Walid al Kubaisi om Det muslimske brorskapen sin plan for erobringa av Europa. Men fleirtalet av Europa sin maktelite jublar og lagar straffelover mot forsvarslause europearar som stadig vert plasserte nærmare stupet. Ingen må protestere mot globalistane sine vondsinna og hemmelege planar. Desse planane gjeld såvisst også Noreg!

Eg kan minne om Omars Pakt som står gjengive på side 338 i boka «Hvorfor jeg ikke er muslim» av Ibn Warraq. Her skriv forfattaren: «Noen av de begrensningene som er pålagt dhimmiene er oppsumert i Omars Pakt, som sannsynligvis ble satt opp på 700-tallet av Omar b. Abd al-Aziz (regjerte 717 – 20). Dhimmiene (dei vantru) sin status var skrøpelig og var stadig truga. «Dhimmiene risikerte hele tiden å bli gjort til slaver,» skriv farfattaren.

Nemner berre to av punkta i denne Pakta: «Vi skal vise respekt for muslimer og reise oss fra våre sitteplasser når de ønsker å sitte». Og: «Vi skal ikke bygge hus som er høyere enn deres».

Så veit vi det!

Norvald Aasen