Krever skjerpelser i nytt EU-direktiv
søndag 24. juni 2018
Postnord-ombud: – Har aldri sett slike før
mandag 25. juni 2018
Show all

Høgreleiaren legitimerer offentlige overgrep

Publisert 25.6.2018
Av Alf Reutz Kollsete
Foto: Wikipedia

USA sin president Donald Trump skilde barn og foreldre frå kvarandre. Erna Solberg skil born frå foreldre i strid med norsk lov og Internasjonale konvensjonar. Donald Trump har, etter sterk kritikk, beklaga at det har skjedd og endra sin praksis. Erna Solberg har ikkje beklaga eller endra noko som helst, overgrepa held fram.

Donald Trump kritiserar ikkje Noreg eller andre land for brot på menneskerettane. Erna Solberg kritiserar andre land for brot på menneskerettane. Kva betyr dette? Dette betyr at Donald Trump har evne til å sjå og rette eigne feilgrep, medan Erna Solberg ikkje har vist verken evne eller vilje til å rette overgrep mott så vel etniske norske som innvandrarar.

Så då er mitt spørsmål til alle norske borgarar: Vil de akseptere at vi har ein statsminister som legitimerer offentlige overgrep mot barn, heilt ned til nyfødde og opp til 18 år, stikk i strid med Norges Lover, herunder Barneloven, Grunnloven, og internasjonale konvensjonar, herunder FNs Barnekonvensjon og den Europeiske Menneskerettskonvensjonen?

Du som les dette og din familie, har kanskje sloppe unna desse offentlige overgrepa til i dag, men tenk om det ein dag også skulle ramme deg og din familie, kva vil du då gjere? Mitt råd til deg: Hugs Arnulf Øverlands ord: “Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv.”

Annonse