Annonse
Flåm AS vert medeigar i Arctic Train - Samfunnsmagasinet
Vi kan ikke hjelpe alle som vil til Norge
mandag 21. september 2020
La folk få snakke ut Fredrik Solvang!
mandag 21. september 2020
Show all

Flåm AS vert medeigar i Arctic Train

Publisert 21.9.2020
Kilde og foto: Mynewsdesk

Flåm AS vert medeigar i Arctic Train. Flåm AS, ein av Noregs største reiselivsaktørar, går inn som eigar i Arctic Train med ein eigardel på 33,5 prosent, og har opsjon på å auke eigardelen til 51 prosent. Arctic Train i Narvik opererer turisttog på Ofotbanen, Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser, på same måte som Flåmsbana. Samarbeidet mellom Arctic Train og Flåm vil styrke eit heilskapleg reiselivstilbod til både nordmenn og internasjonale turistar heile året.

– Det har vore ei fantastisk spanande reise so langt og vi gler oss til å få Flåm AS inn som medeigar og samarbeidspartnar. Saman skal vi gjere Arctic Train til eit fyrtårn i nord-norsk reiseliv. No skal vi vidareutvikle Arctic Train og gjere Narvik til eit enno meir attraktivt reisemål. Flåm er høgt respektert i reiselivsbransjen, og vi ser fram til å dra nytte av erfaringane og kunnskapen deira, seier Karl Aksel Vik, styreleiar i Arctic Train Holding.

– Vi ser fram til å bli eigar i Arctic Train, ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar. Vi har utvikla Flåm til å verte eit av verdas mest attraktive turistmål med Flåmsbana som grunnlag. No vil vi vere med på utviklinga i Narvik og investeringa i Arctic Train er første steg på vegen. Dette vil styrke norsk reiseliv sin posisjon internasjonalt med flotte togopplevingar både i fjordane og i Nord-Noreg, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

Samarbeidet tek til med ein gong, og Flåm AS vil gå inn med to styremedlemar i selskapet. Arve Tokvam frå Flåm AS vert ny styreleiar i Arctic Train Holding AS. Eigarstrukturen i Arctic Train Holding AS vil etter emisjonen sjå slik ut: PRS Holding AS (33,25 %), Taraldsvik AS (33,25 %) og Flåm AS (33,5 %).