Annonse
Det var ein gong - Samfunnsmagasinet
Regjeringen ble lurt trill rundt
fredag 26. mars 2021
Alltid Norge først om vi ønsker det tryggere og bedre
lørdag 27. mars 2021
Show all

Det var ein gong

Publisert 26.3.2021
Foto: Wikimedia Commons (Tyske Riksarkiv)

Ja, det var ein gong at dei politiske partia på Stortinget gjorde kva dei kunne for å skipe eit betre samfunn for dei som budde i Noreg. Dei bygde vegar, bruer og jernbane, og bompengar vart berre nytta på private skogsvegar o.l. Etter kvart som hest vart bytta ut med bil, vart handelslivet endå meir fart i. Og i starten var det berre dei som otte forretningane, doktorar, og lensmenn som hadde motorisert køyrety i tenesta. Men frå om lag 1960 vart bil kvar mann sin eigedom. Politikarane ynskte bilane velkomne, og i bygd og by vart det eit yrande liv, med varer og folk som skulle handle. Og eimen frå hestelorten vart skifta ut med frisk eksos. Ingen klaga for det! Ja, slik var det den gongen.

Men så – i det Herren sitt år 1988 – vart det skipa eit nytt parti i Noreg. Det vart skipa av folk som hadde fått meir enn nok av bil og norske menn og kvinner som elska bilane sine. Det nye partiet fekk namnet «Miljøpartiet dei grøne». Det synest som om dette partiet har berre ein hovudsak på programmet: Verte kvitt alle bensin- og dieseldrivne bilar i Noreg! Og ikkje berre det, – alle skal anten bruke beina, sykle, reise «kollektivt», eller i ytterste naud – kjøpe seg batteribil, som må ladast kvar natt for å fungere dagen etter. Det verste er, at dette bilhatar-partiet har snike seg bakvegen inn i politikken, og har klart å få lettlurde ungdomar til å stemme på dei. Med makt og mynde har einskilde MDG-arar klart å starte øydelegging av Sentrum både i Oslo og Bergen. Ingen bilar der, berre syklar.

Det er mi største og einaste von, at det komande valet til hausten ikkje gjev desse bilhatarane ei einaste stemme! Får dei meir makt no, må du og eg bu oss på å verte veganar, for MDG vil at vi ikkje skal ete meir kjøt! Klimaet har ikkje godt av ku-promp!

Terje Haugom, vikarierande stril.