Bøvelskapsfarang på Tv2

Stranda. Publisert 22.11.2016
Av Øystein Fjørstad
Illus.foto: JH Media

Det som fjernsynsunderhaldning skal vere, er det i særleg grad dei tradisjonelle kanalane NRK og TV2 som står føre. Underhaldning ja, men kva med nivået eller rettare uttrykt mangel på nivå. I tida ligg dette med stadig aukande preg av bøvelskapsinnhald. Nett som at også det skulle vere blitt politisk korrekt.

Kva for underhaldningsprogram som er uslast kan diskuterast, men Farmen som går på TV2 har eit gjennomgåande avskyeleg preg. Innhaldet meinast å vise tidsbilete av tilvera på gardsbruk i vår nære fortid, men feilar skammeleg grovt.

Manglande karing av ull og forsøk på spinning og tvinning av tråd ved bruk av spinnerokk viser berre ein flik av heile serien si rådande vankunne. Sjølv mentor har neppe forstand på tradisjonell hoggingsgrad og binding av lauvkjerv, binding av kornband og så mangt og mykje elles.

Alle rimeleg tidsbevisste veit at skulle dei ikkje minst før i tida på rimeleg vis kunne overleve ein hardt slitsam kvardag så var bøvelskap overfor kvarandre det mest utenkjelege. Utifrå konseptet står til slutt med vinnarprisen den som best har klart å spele bøvel. Men heiderspris er det då ikkje. Von dess.