Norvald Aasen med brev til Kringkastingsrådet

Publisert 18.3.2019
Foto: Wikipedia

Til Herr Per Edgar Kokkvold, Kringkastingsrådet.

På Dagsrevyen den 4/3 d.å. fortalte nyhetsopplesar, Ingerid Stenvold, at 100 «nordmenn» hadde reist til Syria for å kjempe saman med IS. Tek denne løgna frå NRK og resten av media aldri slutt? Dei aller fleste som har slutta seg til IS og som kjem frå Norge trur eg ikke er nordmenn. Og dei skulle aldri vore her, og dei skulle slett ikkje hatt norske statsborgarskap! Vi betalar ikkje denne sure lisensen for at vi skal verte hersa med av journalistar, og som eit folk verte skulda for noko andre etniske grupper står bak.

Kanskje veit du, Kokkvold, at nordmenn er eit eige folk. Det å ha statsborgarskap endrar heller ikke ein person sin etniske tilhøyrigheit. Denne usanninga om at alle som bur i Norge er nordmenn kjem som stadige drypp dagleg frå NRK sine folk og frå andre media, så det er tydeleg at det ligg ein strategi bak. Folket skal førast bak lyset. Det skal gå inn i folkemedvitet at nordmenn som nasjon ikkje eksisterar, og nordmenn som nasjon skal utslettast.

Kvinna som no står tiltalt i Norge for å ha slutta seg til IS er ikkje nordmann, ho er somalisk og burde difor vore sendt tilbake til sitt kalifat i Somalia. Eg skriv denne klaga til deg, Kokkvold, men eg har ikke stor von om at noko av denne lygnpropagandaen fra NRK og andre endrar seg. Vi som eit gamalt folkeferd som høyrer til i Norge kan lettvint provoserast og leggast ut som skuldige for det andre grupper driv her, og elles i verda. Det er dei framande som skal heidrast og talast varm for, dei er dei nye herrefolka og dei har sine velgjerarar og døropnarar på alle plan i samfunnet.

Eigentleg burde dette såkalla «Faktisk» teke tak i denne praksisen frå NRK, men det er nok ikkje skapt for å feie for NRK sine eigne dører. Dei skal oppdage flisa i dei andre sine auge, men bjelken i eigne auge skal dei vere blinde for!

Stakkars Norge og stakkars det norske folk – nordmennene!

Norvald Aasen
6983 Kvammen