Er barnevernet ein venn eller ein fiende?
Dette er det mange som spør seg når man møter denne ikkje godkjente statlege institusjonen.

Molde. Publisert 2.2.2010

Av Ellinor Nerbø

Sjølv om det er fleire "grupperingar" som jobbar for familien som møter dette uvesenet, så er det berre barnevernet sjølv og dei som jobbar for og i denne tenesta som meiner at dette har ikkje kriminelle aspekt i seg. Men det er vinterleg avsløra at dette er ei stor lygn. Norsk barnevern har mange med kriminell bakgrunn i seg. Det har dei siste åras avsløringar vist til fulle, og likevel så fortsett man som om dette ikkje eksisterer.

Når man ser at til og med norsk rettstryggleik heller ikkje viser menneskjerespekt, då må ein stille spørsmål om det herskar rettferd i rettssalane i Noreg. Den fyrste "rettssaka" man møter er fylkesnemnda, som ikkje er ei rettssak men som dei delaktige i offentleg regi ter seg som det er ei rettssak dei deltek i. Deretter så kjem dei ordinære rettssakene såframt at den avgjerda som kjem blir anka. Alle som blir kjend med barnevernet, og som må gå vidare med si sak har krav på fri sakføring, og då viser det seg at foreldresida sin advokat berre tar saka etter "plankekjøringsprinsippet" ser det ut til. Difor er det å mange tapte saker i denne delen av norsk rettspraksis.

Når det viser seg at berre 25 % av borna klarer seg etter ein endt barnevernstid, så seier det seg at her MÅ det vera noko fundamentalt gale ein stad på vegen i slike saker. Mange gonger har eg fått spørsmålet om kvifor eg berre kritiserer norsk barnevern. Svaret desse får tilbake er at kvifor skal man kritisere det som kjem fram ER bra, dei gongane det går bra? Diverre så er desse tilfella i mindretal, ja store mindretal. Difor så kritiserer EG norsk barnevern. Dei har for lite fokus på korleis dei kan gjera sakene sine annerleis til det betre for dei det gjeld, foreldra og barna, samt resten av den familien som det aktuelle barnet har.

Det finns flust av brukarvenlege tiltak man kan bruke, men det ser ut for at det er mest mogeleg om å gjera å bruke mest og flest pengar pr. sak i kvar kommune som om det er ein konkurranse kommunane imellom. Me er best i pengebruk pr. barn. Blir ikkje det ein feil vinkling? Jau, men det er nok diverre slik det heile er! Eg ser det prisverdige i at også Berit Aarset no får "taletid" og at ho gjer det ho gjer. Ho har også mi fulle støtte, det er på tide at det no er ein organisasjon som tar seg av det ho kallar sorgprosessen også i slike saker.

Det sit svært mange born og unge som slit med sorg over at man er gjenstand for statleg "oppmerksamheit" som følgje av ein etat som ikkje ærleg meiner at det dei gjer er til vedkomandes beste. Har ein fylt femten år, so har ein krav på eigen advokat, men FÅTALET får vite om dette. Det blir då ansvarsfråskriving og den fråskrivinga skjer bevisst frå barnevernet si side, og dermed er det ei ulovleg handling. Den som søkjer opp temaet barnevern på nett so vil ein finna mykje og derfor også kva barnevernet gjer i enkelt tilfeller. Då vil det til slutt bli so mange "enkelttilfelle" at det dreiar seg ikkje om enkelt tilfeller lengre men ein kultur i barnevernet som er total feil!!

Det har også vore mange utbetalingar av erstatningar dei siste åra. Kvifor det tru? Svaret blir då grove overgrep som fortener erstatningsutbetalingar, enkelt og greitt. Og dette kjem nok til å tilta i stor stil etter som åra går!!