"Bokanmelding"
"Sveket"
- barnevernets bibel.
Ein kan merke seg at eg ikkje skriv bokmelding
her, men bruker nemninga an-melding - Boka er farleg; det vil eg grunngi
etterkvart.
Haugesund 13 april 2004 - Sfm.no
Av Bernt Skrede
Men først finn eg det nyttig å setje
opp eit typegalleri - sjølvsagt karrikert, men likevel gyldig,
over kva slags personar vi vil kan møte i ein normalfordelt
gruppe menneske så stor som den vi har med å gjere her
. Dei som blir rekrutterte i barnevernet skil seg venteleg ikkje så
radikalt frå andre som har med menneske å gjere, så
typane her finn du i mange yrke . Av interesse blir det då korleis
utøvarane er begåva og kva slags opplæring og fullmakter
dei får . Det gir oss mykje av den kulturen som måtte
utvikle seg i praktisering av yrket .
Går vi på ein skala i intelligens og sjølvstendig
tenking og lar den krysse ein akse for empati og menneskeleg
godvilje kan vi finne fire ytterpunkt som dei fleste er noko imellom,
men som gjerne vil tendere mot eit av dei . Eg gir desse ytterpunkta
namn : Øvst har vi "Gudmund" ( Guds gåve, eller
den gudbegåva) . Han forstår - i alle tydingar av ordet
. Og han er så velutrusta at han knapt treng noka lærebok
for å gjere det beste ut av alt . Måtte han bli lenge
i tenesta ! På same etiske sida har vi "Bjørn"
- han vil så gjerne, men går etter boka, som han trur
på - og handlar etter .
Ved sida av han, men på den etisk likegyldige sida finn vi "Tom"
- og han - ja han er berre tom - neppe meir enn ein nyttig idiot for
nokon -
Men oppe på sida finn vi "Ulf" -
den skuleflinke som gjerne vil vise kor dyktig han er - men som manglar
medkjensle både med born og vaksne, og gjerne har litt psykopatiske
trekk . Makt har han i alle fall sans for - (Namna her viser ikkje
til konkrete personar - vi finn same skala hos kvinner -) Dei fleste
menneske finn vi i mellomsonene mellom dei i ytterpunkta - med tendensar
i retning av ein av desse typane . Ja, kva så ? Så kjem
vi til læreboka:
Kari Killens : "Sveket" blir lesen og lært - og ikkje
minst brukt av barnevernsfolk landet over . Derfor aukar boka sterkt
tendensar som samsvarar med boka - haldningane utviklar handlingsmønster.
Gudmund vil kanskje stusse over eit og anna, men
"har det i seg", han treng ikkje denne boka . Han ser menneska,
forstår og handlar vettig og etisk uansett . Tom på den
andre sida gløymer vi - han får aldri nokon leidande
stilling . Men Bjørn treng rettleiing - og vil så gjerne
gjere alt rett . Gir boka dårlege råd, vil han begå
mang ein bjørne-teneste i beste meining . Ei dårleg lærebok
forfører han . I enkle saker kan han fungere godt - men det
er i dei vanskelege sakene at vi skal kjenne bra frå ille. Og
Ulf - han kan retteleg boltre seg : Han vil leike Sherloch Holmes
Han er dyktig ! Og kan reglane og paragrafane - han legg sin prestisje
i å "vinne" sine saker . Han brukar boka -
* Og boka her heiter "Sveket" med undertittel: "omsorgssvikt
er alles ansvar" . Det siste motseier boka : Ho slår tydeleg
fast at det berre er barnevernet som forstår seg på slikt
. Fleire gonger i boka underkjenner ho at skolar, PPT, og jamvel BUP
har den "faglege" innsikta som trengst . Indirekte slår
boka fast at slike instansar ikkje forstår godt nok . Barne-
og ungdomspsykiatrien kunne til dømes finne på å
samarbeide med foreldra ! Forkasteleg ! (s 367) Og foreldrar forstår
ingenting - dei "innser" ikkje .... (Ein barnevernstilsett
med tre års skulering forstår derimot alt - )
Boka framstår for det meste som snill - men med markante unnatak
Det vonde med det er at åtgjerdene kan vere rette, at det kan
skje at det ikkje finst noko anna råd - Men så vert dette
opphøga til regel også der tiltaket er heilt feilaktig
. Og boka tilrår ikkje å finne bevis eller få fram
tilståingar : BV skal berre "vurdere" . (s.195)
Men får ein ikkje fram nok å henge seg opp i,
kan det godt vere "nødvendig .. bevisst å frustrere
foreldra " for å få noko fram (s306). Når alle
avgjerder skal takast på BV sine eigne "vurderingar"
- som ikkje skal kunne etterprøvast - då ser vi kva makt
dette gir til typen Ulf - Men så skal vel næraste familie
prøvast - slik lova tilrår ? Men nei, utan vidare slår
boka fast at dette har ein dårlege røynsler med - Og
tilbakeføring ? Nei - tenk om barnet har blitt glad i forsterforeldra
! Ikkje bra å flytte på det då ! (s.578)
Derimot blir det brukt overtydelege (konstruerte
?) døme for å underbyggje at foreldrar som vert fråtekne
omsorg er så primitive at dei ikkje sørgjer lenge over
tap av borna sine (s.557) . Boka formidlar ( trass i nokre bleike
atterhald) ein forakt for klientane som fører tankane og tradisjonen
tilbake til forfølgjinga av taterane - (heile siste kapittel
) .
Og vår venn Ulf får meir vatn på mølla
: Boka innfører nemleg ei liste over "risikofaktorar"
for kommande omsorgssvikt . Ein viktig faktor er at ein av foreldra
sjølv har vore omhenderteken av barnevernet ! Med andre ord
: Å vere barnevernsbarn er langt på veg ein mental kastraksjon
: du bør ikkje ha barn ! (Dårleg ...rase ?)
Endå meir vekt legg boka på det som ho kallar å
vere "umogen" . Og sidan boka definerer dette slik at vi
alle kan vere umogne iblant så kan Ulf alltid ta dette momentet,
det alvorlegaste av alle, med i anklagelista si . Sesam er oftast
: "umogen mor" .
Uklårt og umotseieleg - Forfattaren av "Sveket"
fann opp dette kriteriet, som blir brukt oftare for omsorgsovertaking
enn rus, vald og konkret svikt . Ulfs favoritt -
Gong på gong i boka står det om "det lidande barnet"
. Det blir nesten suggerert inn . Og om barnet aldri så mykje
ønskjer seg å vere heime, avfeier ho det med at "born
er så lojale" . Barnevernet skal etter boka gjere seg harde,
og "sjå bakom foreldra" og oppdage kor ille barnet
har det . Det er også viktig å finne svikten så
tidleg som råd . Med andre ord : her skal detektiven, om han
er dyktig, finne svikt om den eksisterer eller ikkje - ikkje høyre
på korkje barn eller vaksne og slå til så snart
som råd !
Sidan teikna på at barnet har det vondt er
så mange - mellom dei magesmerter, hovudpine, overdriven orden,
skolelei ... etc etc, vil også vår venn Bjørn i
beste meining stå på og gripe inn - Igjen - det kan vere
noko i det - men den som leiter, han finn - Så heiter det seg
at ein skal prøve hjelpetiltak først . Her definerer
boka rein overvaking som "hjelpetiltak" . Og innbiller "hjelparen"
at han er totalt usynleg - at han ikkje påverkar dei han observerer
. Men prøv å ha slik "hjelp" i huset over lengre
tid - og sjå kva nerver du får om du er aldri så
oppegåande i utgangspunktet .
Eit problem boka ikkje legg vekt på er korleis barnet opplever
å bli riven bort frå familie, skule og venner . Og korleis
det får det i ein barneheim eller fosterheim . I det siste spørsmålet
underslår boka veldokumenterte funn m a frå Sverige om
at dei faktisk kjem verre ut enn dei som blir heime trass i barnevernske
"risikofaktorar" .
Dette karakteriserer fleire som barnevernets livsløgn : "hjelpa"
blir ein bjørneteneste . Men Bjørn følgjer boka
i god tru - Og Ulf ? -
Lesen med velvilje er boka rett så tilforlateleg
. I bisetningar førekjem mange naudsynte atterhald og etiske
formaningar . Boka er kvasi-systematisk med ein ferniss av dokumentasjon
. Og eit ork å lese - Det galne er at boka suggererar til haldningar
og metodar (som berre i grove tilfelle av omsorgssvikt kan ha noko
for seg) , som får små Bjørnar til å sjå
svikt også der den ikkje finst - og gir Ulfane fritt spelerom
og full støtte . Fordi dette fungerar som ei lærebok
for folk med ein enorm makt over einskiltmenneske, understøtter
ho tendensane hos barnevernsfolk og fylkesnemndene ( som ofte lever
i den same tankeverda ) til bjørnetenester og overgrep . Få
bøker har forårsaka så mykje vondt som denne .
|
|